Torsdag 4.juni inviterte vi bygdefolket i Viksdalen til Gambia-foredrag, der vi ville dele våre opplevelser frå fadderturen til Gambia i november 2025. Vi inviterte også til åresalg (loddsalg).

Vi var så heldige å få besøk av Anbjørg Juliussen og Vigdis Vangen Skaalien, som kjørte heile veien frå Vikersund for å være med oss denne kvelden. Det var eit skikkelig trekkplaster at grunnleggaren av organisasjonen var med, og kunne fortelle om korleis det heile starta og korleis Butterfly Friends blir drevet i dag.

 

Viksdalen Nærmiljøråd sponsa maten og vi fekk mange fine gevinster frå bedrifter, privatpersoner og damene frå Vikersund. Her (over) ser de litt av gevinstane.

På kjøkkenet hadde vi god hjelp av Vigdis Vangen Skaalien, Else Stensaker og Evita Kvammen. Her lagde dei lefseruller, skar opp frukt, kokte kaffi og serverte alle dei frammøtte. Tusen takk til dei.

Vi hadde ca 42 gjester og fekk inn i overkant av 12 000 kr via åresalget.

Tilbakemeldingene har vært udelt positive og gjestene syntes det var interessant å høyre om både turen
vår til Gambia og Butterfly Friends sitt arbeid. Vi håper at organisasjonen blir meir kjent her på Vestlandet, og at vi kan få fleire sponsorer herifrå.